|

|
Sykkylven hagelag - et lag som vert 60 år.
Frå gamalt av vart det planta nokre frukt- og bærtre
på dei fleste bruka. Ein skulle vere sjølvhjelpen.
Kjøpefrukt, det var nok mest til jul. Det var Graveinstein
frå Hardanger eller store raude amerikanske eple, men dei
var nok berre for dei som hadde best råd - vel, det vart gjerne
kjøpt nokre få, slik at de vart t.d. eit halvt på
kvar i huslyden, om julekvelden. Men, for ei oppleving - ein smak
du hadde i munnen heilt til neste jul. Les
mer...
|
|